Det gode liv i Sørgard

 

Det er som å kome til Bakkebygrenda. Kvite hus og raude låvar ligg i fine huskrullar oppetter lia. Eit trygt og godt liv på landet.

Inngangspartiet i Sørgard - Klikk for stort bileteInngangspartiet i Sørgard

Pass opp for grisen Nøffa! Når du svingar inn i tunet til familien Askland dukkar det opp eit varselskilt med ein gris på.

Denne dagen er det likevel ingen fare. Nøffa åt for mange plommer i går og ligg inne i låven og gryntar vekk dagen. Dessutan regner det. Og Nøffa går ikkje ut i regn. Slik er det bare.

Janne og Knut Audun Askland tek imot inne i stoga i det store, kvite våningshuset. Dampande kaffekrus blir servert.

  • Det beste med å bu her er at me kjenner alle. Det er trygt og godt, seier Knut Audun Askland.

Han overtok odelsgarden for ti år sidan, saman med kona Janne. Dei har pussa opp både inne og ute på slektsgarden i Gjøvdal. Paret har nesten blitt for kjendisar å rekne, med snart tre artiklar i interiørmagasinet Lev Landlig, i tillegg til reportasjar i lokale aviser.

I tillegg har Janne har over 9000 følgarar på instagram, der ho postar fine bilde frå oppussinga av hus og gard.

Det er mykje jobb, men det er herleg å hauste eigne grønsaker. - Klikk for stort bileteDet er mykje jobb, men det er herleg å hauste eigne grønsaker.

Fritt og godt

  • Det er deilig at me kan sleppe ut ungane utan å vere redde for bilar. Det er heilt annleis enn å bu i byen med ein liten veranda. Her kan eg sende ut gutungen først og så tusle ut med kaffekoppen etterpå, seier Janne.

Janne og Knut Audun har tre barn. Dei to eldste er tenåringar og deltek på mange aktivitetar i kommunesenteret Åmli. Sidan Askland i Gjøvdal ligg omlag 20 minuttars køyring frå kommunesenteret, blir mange mil bak rattet i løpet av ei veke på familien Askland. Skule og barnehage ligg heller ikkje i Gjøvdal, men i Åmli.

  • Ja, du må vere innstilt på å køyre bil. Det kan fort bli både to og tre turar til Åmli om dagen, stadfester Knut Audun.
  • Men det er igrunnen veldig greit når ein bli vant med vegen. Då virkar det plutseleg ikkje så langt, meiner Janne.


Små bygder

Ho kjem frå ei endå mindre bygd i Setesdalen og er vant til store avstandar og aude landskap. Då dei flytta til Gjøvdal tok ho over drifta i den vesle nærbutikken i grenda. I dag er det andre som driv butikken og Janne reiser på jobb i Åmli.

  • Det var veldig greit å arbeide på butikken i starten, så blei eg godt kjent med folk her, smiler ho.

Knut Audun arbeider på anlegg. Sidan tidleg i vår har han reist til Nord-Noreg kvar fjortande dag. To veker på og to veker av. Ei god ordning, synest han.

  • Eg er anleggsslusk, ja, smiler han.
  • Eg trivest med reisejobb. Då spelar det ikkje noko rolle kvar du bur.
  • Men du bør nok har tenkt gjennom ting før du flytter til ei så lita bygd. Det er fint å bu her, men det er jo noko heilt anna enn å bu i ein by, legg han til.

Livet på landet er eit godt liv, meiner ekteparet Janne og Knut Audun Askland. - Klikk for stort bileteLivet på landet er eit godt liv, meiner ekteparet Janne og Knut Audun Askland.

Pussar opp

Det er strøkent i Sørgard på Askland. Våningshuset er nymåla utvendig og pussa fint opp i alle rom med sterke fargar. Her er det definitivt slutt på den kvite perioden.

  • Eg har blitt meir og meir glad i gamle ting og historia rundt dei, fortel Janne.

Ute på gardstunet er det laga til fleire koselege sitteplassar. Ein nydeleg hengande hage er laga til ved det gamle stolpehuset. Her er det utepeis og fine møblar.

Problemet er bare at gardsfolket sjølve har igrunnen ikkje så god tid til å bruke det. Å sitte ned og bare nyte livet er ein luksus dei ikkje har hatt tid til enno.
Framleis er det ting å ta fatt på, som den gamle, store bakaromnen nede i kjellaren. Eller hytta på heia.

  • Tenk å kunne bake brød i den, seier Janne og drøymer seg bort.

Ho har ein plan om å samle alle i grenda til årleg jolefest. Med aking i dei bratte bakkane, servere jolegraut og kaker.

  • Me vil nyte litt meir i tida framover, seier Knut Audun.
     
Uteplassen ved Stolpehuset fekk eigen reportasje i Lev Landlig, og er ein fredeleg idyll på garden. Det er mykje jobb, men det er herleg å hauste eigne grønsaker. Inngangspartiet i Sørgard Det fløymer over at fargerike pelargoniar hjå Janne. Inne i drivhus og ute på tunet. Livet på landet er eit godt liv, meiner ekteparet Janne og Knut Audun Askland. På kjøkkenet Søgard på Askland i Gjøvdal.
Sist endra 18.09.2017
INFORMASJONSTENESTA
Tlf: 37 18 52 00
Opningstid:08:30 - 15:00
post@amli.kommune.no
Adresse for besøk
Rådhuset
Postadresse
Gata 5, 4865 Åmli
Login for redigering Login for redigering