Vi får ny nettside!

Torsdag 27. september får Åmli kommune ny nettside. Vi håper du vil synes den er lettare å finne fram på, og at vi har lagt ut den informasjonen du treng. Sida vil ikkje innehalde fleire digitale løysingar med ein gong, men det er nå mogleg, så på litt sikt vil vi presentere meir digitale tenester.

Det største forskjellen vil bli at vi ikkje lenger skal fokusere på nyheter. Desse vil nå kome berre på facebook, og matast inn i nettsida som ein såkalla "facebook-feed". Du vil altså kunne finne nyhetene også på nettsida, frå menyvalet "Aktuelt", uansett om du brukar facebook eller ikkje. 

Ein annan viktig ting er at sida har såkalla "responsivt design". Det vil sei at den tilpassar seg det den opnast på, om det er pc, nettbrett eller mobil. Sida skal være fullt lesbar uansett.

Sidan vi nå er med i IKT-Agder, har vi lagt oss på same mal som Arendal, Grimstad og Froland kommunar. Vi gjer denne endringa saman med dei andre fire øst-kommunane, Risør, Tvedestrand, Gjerstad og Vegårshei. Desse lanserer også nye nettsider 27. september.

Bildet viser korleis preprod-sida (altså den vi jobbar med nå) ser ut pr i dag. Den vil nok bli litt endra fram mot lansering, men ikkje mykje.

Vi håper du vil like den nye sida vår!
 

Ny nettside - Klikk for stort bilete

Sist endra 03.09.2018
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland

Arkiv- og systemansvarlig
Telefon :37 18 52 07
Mobil :913 54 746
E-post :arnhild.smeland@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering