Velkommen til opning av sommarutstilling

Velkommen til opning av årets somarutstilling på Elvarheim museum søndag 11. juni kl. 14.00! Tema for utstillinga er «På bærtur», og handlar om utnytting av bærressursane i Åmli frå byrjinga av 1900-talet fram til i dag.

Blåbær - minner mat og smat.jpeg - Klikk for stort bilete

Vi fortel m.a. om den store blåbæreksporten til England på 1920- og 30-talet, og viser både bærplukkarar, reinskemaskinar og anna utstyr mange vil kjenne igjen.

Program for opninga:

  • Kjetil Dukane les frå Thor Thorsens forteljinga «Rakkarskleiva»
  • Anette Rattfeldt og Simen Lunøe Phil fortel frå boka «Blåbær- minner, mat og smak»
  • Harald Valle underheld
  • Lett servering, gratis inngang og omvising i utstillingane.

Elvarheim museum er ope etter dette frå tysdag til søndag kl. 11.00-16.00 i perioden 13. juni – 20. august + søndagar ut september.

Sist endra 22.05.2017

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal

Kulturskulerektor
Telefon :37 18 52 64
Mobil :926 29 512
E-post :tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no
Eksterne lenker
Login for redigering Login for redigering