Velkommen til kulturtimen på ÅPOS

Tysdag 21. november kl. 17.00 er det Kulturtimen på ÅPOS. Denne gongen får vi besøk av dei glade musikantane frå Trogfjellduren.

Trogfjellduren - Klikk for stort bilete

Trogfjellduren er ei gruppe lokale spelemenn frå Åmli og omegn med mykje humør og speleglede. Dei trakterer toradarar, trekkspel og gitar, og spelar dansmusikk – frå vals til reinelder og polka. Dei har fleire gonger vore populære gjestar i Kulturtimen på Åpos, og mange har late seg lokke til ein dans.


Programmet går som vanleg føre seg i matsalen i 2. etasje på ÅPOS, og det blir servert kaffi og kaker. Alt er gratis.
 

Velkommen!


Helsing Frivilligsentralen og Åmli kommune

Sist endra 17.11.2017
Login for redigering Login for redigering