Varsel - oppstart detaljregulering Bjønnshiknatten

I medhald av §§ 12-3 og 12-8 i Plan- og bygningslova, og etter oppdrag frå Hillestadheia AS, vert det kunngjort igangsetting av detaljregulering av del av Bjønnshiknatten, gnr 9 bnr 32 i Åmli kommune. 

Planområdet om omfattar øvre del av av feltet Bjønnshiknatten og ein mindre del av feltet Rjupereirheia i gjeldande reguleringsøknad for Hillestad hyttegrend, vedteke 27.10.2005. Planen grenser i tillegg til vedtatt utbyggingsplan, PlanID 2006001, i nord.
Avgrensing av planområdet synast på vedlagte kart.

Areala i planområdet er regulert til byggjeområde for fritidsbustader, samt spesialområde privat tilkomstveg, friluftsområde og område for skileik og aking. Føremålet med planarbeidet er å detaljregulere tomte- og vegstrukturen, samt område for skileik/aking. Område for skileik vil verte flytta 100 meter i nordvestleg retning til eit betre egna område. Det vil bli utført nødvendige reguleringar i samband med at eksisterande høgspentline skal leggjast i bakken (område for trafo, omsynssone ol.).

Det har vore førehandskonferanse og synfaring med Åmli kommune den 06.06.2017. Planarbeidet startar omgåande og planforslaget vil verte ferdigstillt før utgangen av 2017.
Det vil verte lagt opp til ei enkel planframstilling sidan dette arbeidet er omtalt og forankra i gjeldande Flatereguleringsplan. Det vil verte utarbeidd ny ROS-analyse for området etter nye standardar. Arbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing.

Plangrense (PDF, 629 kB)

Plassering av tomter og vegar (PDF, 682 kB)

Kartfigur - Flytting av område for skileik og landskapselement (PDF, 564 kB)

Sjekkliste (PDF, 76 kB)
 

Innspel til planarbeidet kan sendast til eia@staerk.no med kopi til post@amli.kommune.no, eller til Stærk & Co AS, Havnegata 1, 4836 Arendal med kopi til Åmli kommune, Gata 5, 4865 Åmli,

innan 20. september 2017.

Kunngjeringa kan og sjåast på heimesidene til www.staerk.no/kunngjøringer.
 

På ski på Hillestadheia - Klikk for stort bilete

Sist endra 04.09.2017
Login for redigering Login for redigering