Varsel om oppstart reg.plan Gaupeli hytteområde

På oppdrag fra Terje Ramse skal AT skog utarbeide reguleringsplan for Gaupeli. Oppstart av planarbeid varsles i samsvar med §§ 12-3 og 12-8 i Plan- og bygningsloven. 

I medhald av lov om planlegging og byggesaksbehandling av 27. juni 2008, § 12-8 blir det med dette varsla om oppstart av arbeid med detaljregulering for fritidsbustader og veg på vegne av grunneigar av gnr 11 bnr 8 i Åmli kommune.

Planområdet (PDF, 1013 kB)ligg på nordsida av Tovdals-vassdraget mellom Øvre Ramsetjønn og Tveitvatnet og er vist på vedlagt kartutsnitt med avgrensing. Planarbeidet er i samsvar med kommuneplanens arealdel, vedtatt 18.12.2014, og utgjør gjeldande reguleringsplan Neset hyttegrend.

Målet med planen er å leggje til rette for inntil 20 nye hyttetomter  i utviding av eksisterande hyttefelt, med veg fram til hyttene og høg sanitær standard.

Planarbeidet vil fylgje dei føresegner og retningsliner som går fram av gjeldande arealdel for Åmli kommune. AT skog as har dialog med Åmli kommune i førekant av og under arbeidet, og har fått klarsignal om å varsle oppstart av planarbeidet. Oppstartsmøte vart gjennomført 15.06.2017.

Planarbeidet vil starte opp omgåande. Framlegg til detaljplan er tenkt oversendt kommunen for handsaming i løpet av våren 2018.

Vi ynskjer at dei som har interesser i området og meiningar om kva som er viktig å ta omsyn til, gjev innspel om dette. Kommentarar/ merknadar til planarbeidet skal sendast skriftleg til AT- skog AS, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal eller på e-post mg@atskog.no innan 30.08.2017.

Nærare opplysingar kan ein få ved å kontakte Mona Gundersen på tlf 957 94 342.

Gaupeli - Klikk for stort bilete

Sist endra 30.06.2017
Login for redigering Login for redigering