Dette må vere utfylt:
-
Skogeigars namn
-
Tiltak du ønsker dekka av skogfond
-
Om du søker om tilskot til tiltaket/tiltaka
-
Skogeigars underskrift
Vedlegg:
-
Kopi av rekning/faktura for arbeid utført av entreprenør/næringsdrivande
-
Lønsbilag for arbeid utført av person som skogeigar har engasjert/tilsett
-
Anna dokumentasjon på utgifter som skogeigar ønsker å dekke av skogfond
-
Oppgåve over eigeninnsats (antal timar/dagsverk og mengde utført arbeid, t.d antal planter, antal dekar rydda/regulert osb)
Kartfesting:
Dei som har ny skogbruksplan melder inn 1 tiltak treng ikkje legge ved kart. Det er nok å vise til bestandsnr. i skogbruksplanen.
Melder du inn fleire tiltak på same skjema (t.d planting og ungskogpleie) må du legge ved kart og markerer på kartet kvar det er planta og kvar det er gjort ungskogpleie. Alternativt kan du fylle ut 1 skjema for kvart tiltak. Då slepp du å sende med kart.
Dei som ikkje har ny skogbruksplan frå 2015 må alltid legge ved kart.
Treng du hjelp til utfylling – kontakt skogbruksansvarleg.
Åmli, 20.06.2016
Olav Vehus
skogbruksansvarleg