Tidlegstemmegivning frå 1. juli

Dersom du ikkje har høve til å røyste innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting (10. august - 8. september), og heller ikkje på valdagane, 10 og 11. september, kan du i perioden 1. juli t.o.m. 9. august få røsyste likevel. Om du ønsker dette må du kontakte kommunen og avtale tid. Du treng ikkje valkortet, men ta med legitimasjon!

Den 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga. Lokalet for dette vil være rådhuset i vår opningstid som er 08.30-15.00.
Det vil og arrangerast ein dag for førehands­røysting ved Åmli pleie- og omsorgsenter. Tidspunkt for dette vert annonsert. 
Sjuke og uføre kan søke kommunen om å få røyste heime.

Du kan røyste på førehand fram til og med 8. september.

Du kan røyste på førehand i alle kommunar i landet. Men på valdagen må du røyste i den kommunen der du har registrert bustadadresse den 30. juni. Du kan berre røyste ein gong.

Hugs å ta med legitimasjon og valkort!

For meir informasjon om valet, sjå www.val.dep.no eller ta kontakt med kommunen.

Valgurne - Klikk for stort bilete

Sist endra 20.06.2017

Kontaktinformasjon

Informasjonssenter Rådhuset

Telefon :37 18 52 00
E-post :post@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering