Temaplan for strategisk næringsutvikling

Temaplan for strategisk næringsutvikling i Åmli kommune 2016-2019 blei vedtatt i Kommunestyret 27.10.16.
Siste del av planen med mål og tiltak er laga som ein foldar. Proflex deler ut denne til alle husstandar i kommunen. 

Næringslivsbrosjyre.jpg - Klikk for stort bilete Mange av tiltaka er alt under arbeid. Nokre tiltak  krev nødvendigvis prosessar som kan ta litt tid,
medan tiltak som bedriftsbesøk er godt i gong. I 2016 blei det gjennomført 2 bedriftsbesøk:
Gardsbruket til Øystein Mjåland og Åmli Bakeri. Det blei også halde møte med Engenes Skogsdrift og Multicom i samband med
markering av desse som Gasellebedrifter.
Det er halde eit oppsummeringsmøte med reiseliv/ handel. Arbeidet med Telemarksvegen som marknadsføringskanal held fram.
38 bedrifter frå Kristiansand til Seljord er med. Sjå www.telemarksvegen.no

Fleire bedriftsbesøk er under planlegging, og vi håper bedriftene ser nytte av desse besøka. Åmli kommune har stor nytte av besøka.
«Tenketank», årleg næringsmøte og bondekafe/fagmøte er også under planlegging i vinter/vår.
Desse arrangementa vil bli nærare annonsert.

Det er utfordring for kommunen å få gode frammøte.
Det er viktig at du som innbyggar og næringsdrivande deltar!

 

 

 

Sist endra 20.01.2017

Kontaktinformasjon

Kari Hagelia Olstad

Jordbruks- og næringsrådgjevar
Telefon :37 18 52 52
Mobil :416 43 435
E-post :kari.olstad@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering