Står du i manntalet?

For å kunne røyste ved stortingsvalet må du stå i manntalet. Du kan berre røyste på valdagen i den kommunen du står manntalsført i pr 30. juni i år. Manntalet for Åmli kommune ligg nå til gjennomsyn på rådhuset, og vil ligge ute fram til valdagen 11. september. 

Alle som står i manntalet vil få valkort tilsendt.

Du kan ringe kommunen sitt sentralbord på tlf. 37 18 52 00 for å få opplyst om du står i manntalet. Alternativt kan du sende ein epost til postmottak@amli.kommune.no

Den som meiner at vedkomande sjølv, eller nokon annan med urett, er ført opp eller ikkje ført opp i manntalet, kan skriftleg krevje at valstyret rettar opp feilen. Kravet må grunngjevast. Valstyret si adresse er: Åmli kommune, Valstyret, Gata 5, 4865 Åmli.

Det er ingen frist for slike krav, men eventuelle krav bør vere kome fram til Valstyret i god tid før valdagen 11. september.
 

Ill manntal.jpg - Klikk for stort bilete

Sist endra 24.07.2017

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland

Arkiv- og systemansvarlig
Telefon :37 18 52 07
Mobil :913 54 746
E-post :arnhild.smeland@amli.kommune.no

Solgunn Fossli

Saksbehandlar
Telefon :37 18 52 00
E-post :solgunn.fossli@amli.kommune.no

Informasjonssenter Rådhuset

Telefon :37 18 52 00
E-post :post@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering