Sommarjobb for ungdom 2017 - søknadsfrist 17. april

Vi forlengar søknadsfristen til 17. april, men den er endeleg!

Vi har nå klare elektroniske søknadsskjema både for ungdomar og private/ næringsdrivande i samband med tilbod om sommerjobb for 2017. Meir info, og begge skjema, ligg i denne artikkelen.

Søknadsfristen er sett til 1. april, forlenga til 17. april. Vi håper alle som kvalifiserer for slik sommerjobb søker innan fristen. Vi kan ikkje garantere at du kan få jobb dersom du søker etter fristen. Private/næringsdrivande må og søke innan fristen.
 

Informasjon til ungdom:


Kriteria for å få slik sommarjobb i år er:

  • Du må vere folkeregistrert i Åmli innan 1. april 2017.
  • Du må vere født i år 2000.

Både kommunen og private næringsdrivande vil vere arbeidsgjevarar.

Kvar enkelt får tilbod om jobb i TO veker, med løn etter kommunalt avtaleverk, for tida med timeløn kr 130,50. Lønssatsen kan bli endra ved tariffoppgjeret i august.
Det blir berre gitt tilbod om slik jobb i eit år - det året du fyller 17.

For hovudtyngda av arbeidsoppgåvene vil arbeidsstaden og oppmøteplassen være Åmli sentrum.

Skjemaet under må fyllast ut og sendast inn uansett om du vil at kommunen skal finne arbeidsplass til deg, eller du har avtalt med ein privat/næringsdrivande.

Om kommunen skal finne arbeidsplass må du krysse av for ønska arbeidsoppgåvee og oppgi ønska tidsrom for arbeid. Om du veit du skal på ferie el.l. er det greit du skriv tidsrom du ikkje kan arbeide i feltet "Merknader". 


Skriv navnet på arbeidsgiveren (Firma eller personnavn)
Merk av for arbeidsoppgaven som er ditt førstevalg?





Skriv inn to andre oppgaver du kunne tenke deg, om du ikke får førstevalget, i prioritert rekkefølge
Skriv inn opplysningar som er viktig for oss å vite
Felt merka med * må fyllast ut

 


Informasjon til private/næringsdrivande:


Åmli kommune har vedteke å yte eit tilskot på kr. 75,- pr. time til næringsdrivande som tilbyr sommarjobb til ungdomar født i år 2000 i minst to veker (37,5 t/v) sommaren 2017.

Tilskotet frå kommunen vert kr. 8 437,50 pr. ungdom, sjølv om du som arbeidsgivar vel å tilby ungdommen sommarjobb lenger enn to veker.

Ungdomane skal lønast etter kommunalt avtaleverk, for tida med timeløn kr 130,50. Lønssatsen kan bli endra ved tariffoppgjeret i august.

Private/næringsdrivande som ønsker å ha ungdom i sommarjobb må fylle ut og sende inn skjemaet under, uansett om dei sjølv har avtalt med ungdom(-ar) eller om dei ønskjer at kommunen finn ungdom(-ar).


Skriv inn anntall ungdommer som kan få jobb hos deg
Felt merka med * må fyllast ut

 


Ved bakeriet - Klikk for stort bileteVed bakeriet Øyvind Berg

Sist endra 06.04.2017

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland

Arkiv- og systemansvarlig
Telefon :37 18 52 07
Mobil :913 54 746
E-post :arnhild.smeland@amli.kommune.no
Artikkel (1)
Login for redigering Login for redigering