Skjema for sett elg/hjort

Elg og hjort som blir sett under jakt skal sorterast og fyllast ut på eige skjema. Rettleiing ved utfylling finn du på skjemaet. I tillegg skal dyr som blir felt førast på dei same skjema

Sett elg skjema  (PDF, 208 kB)                  Sett hjort skjema (PDF, 159 kB)

Eit godt tips til jaktleiar er å gjere dette kvar dag det vert jakta, elles kan det bli tvil om kva som vart sett, kor mange som deltok i jakta osb. Felte dyr fyller de inn i den rekkefølga dei vart felt og 1 dyr på kvar line (sjølv om fleire dyr vert felt ein og same dag, treng dei ikkje trykkast saman på same lina som då dei vart sett).

Det er vidare viktig at desse skjema blir nytta. På andre nettstader finst også skjema, men ikkje nødvendigvis same opplysningane blir etterspurt. Det er viktig at datafangsten kviler på same grunnlag for vidare bearbeiding og for å kunne gje råd og ta avgjerder knytt til forvaltning av elg og hjort.

Har du spørmål – kontakt leiar for valdet du tilhøyrer eller kommunens viltansvarlege.     

Elgku med kalv som krysser vei - Klikk for stort bilete

 

Sist endra 07.08.2015

Kontaktinformasjon

Olav Vehus

Skogbruksrådgjevar
Telefon :37 18 52 15
Mobil :991 08 482
E-post :olav.vehus@amli.kommune.no
Olav Vehus
Tenesteomtale (1)
Login for redigering Login for redigering