Pengar til forskingsprosjekt på bever i Åmli!

Norges Forskningsråd har tildelt 8,5 millionar kroner til prosjektet «Beyond Dodods and Dinosaurs: Displaying Extinction and Recovery in Museums», med 400 000 kroner til ei utstilling på Elvarheim museum i 2021.

Dette året er det 100 år sidan beveren kom tilbake til Sverige etter at han var utrydda. 80 bever frå Åmli blei sendt til Sverige, og har i dag 100 000 etterkommarar! Prosjektet er leia av Dolly Jørgensen, som er professor i historie ved Universitetet i Stavanger. Ho skal i tillegg skrive bok om «beverens reise» får Åmli til Sverige, og det blir fleire forskingskonferansar og artiklar i åra som kjem. Prosjektet er knytt opp til eit internasjonalt forskingsmiljø med samarbeidspartnarar ved Australian National University i Camberra, University of Leeds i England, Virginia Commonwealth University i Richmond, USA – og Aust-Agder museum og arkiv ved Elvarheim museum.

Første del av prosjektet blir dokumentasjon og intervju med personar i Åmli som har vore med på eller har opplysningar om utførsel av bever frå Åmli frå 1921 og fram til 1970-talet i samband med P.M. Jensen, Sigvald Salvesen og Harald Jensen-Tveit dei første åra, og seinare Aslak Harstveit. Dei som har opplysningar om noko av dette kan ta kontakt med kulturrådgivar Tonje Ramse Trædal på telefon 37185264.
 

Utsetting av bever frå Åmli på Songli jaktklubb i Trøndelag i 1926. Eigar: Norsk Skogmuseum. (Norsk Skogmuseum) - Klikk for stort bileteUtsetting av bever frå Åmli på Songli jaktklubb i Trøndelag i 1926. Eigar: Norsk Skogmuseum. (Norsk Skogmuseum)

Sist endra 12.06.2018
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal

Rådgjevar/kulturskulerektor
Telefon :37 18 52 64
Mobil :926 29 512
E-post :tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering