Oppsummeringsmøte med besøksnæringa

Invitasjon til oppsummeringsmøte med besøksnæringane i Åmli onsdag 30.november kl 19.00 på Åmli Rådhus.

Eit av delmåla i «Temaplan for Strategisk næringsutvikling» er:

  • Vidareutvikle satsinga på besøksnæringar; reiseliv, turisme, handel – auka attraksjonskraft

Eit tiltak under dette delmålet er: 

  • Årleg oppsummeringsmøte med besøksnæringane kvar haust.

Håper flest mogleg kan kome på møtet og rapportere frå året som har gått, gode og dårlege erfaringar. Og ikkje minst kva kan gjerast betre neste år? 

VELKOMEN!
 

Åmli - bygda for alle - Klikk for stort bilete

Sist endra 18.11.2016
Login for redigering Login for redigering