Nå kan du motta post frå oss digitalt!

Har du høyrt om digital postkasse? Det er ei sikker løysing for å motta og oppbevare post digitalt. Vi er i gang, og i løpet av mars månad vil det meste av posten frå Åmli kommune kunne kome i digital postkasse, om du som innbyggjar har valt dette.

Post til bedrifter blir sendt digitalt til Altinn.

Les meir, og velg postkasse, på velgdigitalpostkasse.no eller norge.no.


For deg som mottakar har dette mange fordelar:

  • Du får posten same dag som den blir sendt.
  • Du kan også motta sensitiv post, då løysinga er sikker, og krev innlogging med MinID.
  • Du får all posten din samla på ein stad, og du kan lagre den så lenge du vil.
  • Du kan motta post uansett kor du er, så lenge du har nettilgang.
  • Det er gratis for deg, og billigare for samfunnet.

Få digital post frå oss - Klikk for stort bilete

Sist endra 25.02.2016
Login for redigering Login for redigering