Kulturkalender på kommunens nettside avviklast

Vi har det siste halvåret hatt ei prøveordning med kulturkalenderen «Kva skjer?» på Åmli kommunes heimeside. Her kunne lag og organisasjonar sende inn opplysningar om sine arrangement, faste møtetidspunkt osv, slik at ein kunne få ein samla oversikt over det som skjer i Åmli.

Mange har vore flinke til å sende inn opplysningar, men problemet med slike tenester er at dei sjeldan blir komplette, og dei er vanskeleg å oppretthalde over tid.

I mai sendte vi ut ei uformell undersøking på e-post om kor mange som brukte tenesta. Svara vi fekk var få, men peika i retning av at få brukte Åmli kommune si heimeside til å orientere seg om aktivitet i Åmli.

Vi har difor bestemt oss for å legge ned denne tenesta.

Åmli kommune vil i framtida vere behjelpeleg med å legge ut arrangement på kommunens Facebookside, og dele det i grupper som «Åmli ein god stad å bu» og «Kva skjer i Åmli», så send oss gjerne informasjon om kommande arrangement (bruk epost: trt@amli.kommune.no ).
Elles vil vi oppfordre arrangørar til sjølv å dele sine arrangement både i sosiale media og andre stader.
 
Agderposten kom i vår med ein ny teneste som heiter www.detskjer.agderposten.no. Her kan arrangørar sjølv legge inn sine arrangement med tekst og bilete, og arrangementa kjem også i den trykte utgåva av Agderposten fredagen etter.
Åmli kommune vil lenke til denne tenesta frå si heimeside, og vi oppfordrar arrangørar til å bruke denne.

Elles har også Åmliavisa ei fast spalte med ting som skjer i Åmli, så bruk gjerne denne også!

 

Skjermdump Kva skjer - Klikk for stort bilete

Sist endra 15.08.2016

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal

Rådgjevar/kulturskulerektor
Telefon :37 18 52 64
Mobil :926 29 512
E-post :tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering