Kommunale betalingssatsar/skattesatsar 2016

Åmli kommunestyre fastsette i møte 17.12.2015 nye satsar for gebyr for byggesaksbehandling, gebyr for vatn og avløp, gebyr for feietenesta, gebyr for renovasjon.
Nærare opplysningar om satsane vert gitt av eining for Samfunn (tlf 371 85 253)

Den alminnelege eigedomsskattesatsen for 2016 er fastsett til 7 promille.
For bustader/fritidsbustader med tomt til desse samt ubebygde tomter til dette formål er eigedomsskattesatsen for 2016 fastsett til 4 promille.
I medhald av eskl § , bokstav c vert bygningar som er starta bygd etter 12.12.2013, og som heilt eller i nokon mon vert nytta til heilårsbustad eller fritidsbustad, friteke frå eigedomsskatt i 10 år rekna frå 01.01 året etter at byggeløyve er gitt.

Skattesatsen på inntekt og formue er fastsett til maksimumssatsen av Stortinget sitt vedtak.

Fakturagebyr

Åmli kommune innfører fakturagebyr på utsendte fakturaer som omfattar papirfaktura samt avtalegiro frå 2016. Gebyret er sett til kr 45 pr. faktura.
Åmli kommune tilbyr imidlertid elektronisk faktura. Dei kundane som vel elektronisk faktura vert friteke for gebyret.

Meir informasjon om elektronisk faktura for privatpersonar og bedrifter

 

Penger - Klikk for stort bilete

Sist endra 06.01.2016
Login for redigering Login for redigering