Innføring av fakturagebyr i Åmli kommune

Kommunestyret vedtok i K-sak 15/182 å innføre fakturagebyr, stort kr 45, på alle fakturaer som omfattar papirfaktura samt avtalegiro frå 2016. Åmli kommune tilbyr imidlertid elektronisk faktura. Dei kundane som vel elektronisk faktura vert friteke for gebyret. 

Både privatpersonar og næringsdrivande kan nytte elektronisk faktura.
For privatpersonar vert elektronisk faktura omtala som eFaktura og for næringsdrivande EHF-faktura.

eFaktura inneber at du får fakturaen tilsendt i nettbanken i staden for i papirform i postkassa.

EHF-faktura vert sendt til næringsdrivande på bakgrunn av oppgitt organisasjonsnummer og havnar eksempelvis i deira rekneskapssystem dersom dette er godkjent for elektronisk handelsformat.

Slik kjem du i gang med eFaktura (privatperson):

Ditt kundenummer er din eFaktura-adresse.  Det tek 2-3 dagar frå du inngår avtale i nettbanken til den er trått i kraft.
Kommunen har to kundenummerseriar - begge på 5 siffer. Ein serie byrjar med eit 6-tal og vert nytta til kommunale avgifter og eigedomsskatt og ein serie som byrjar med eit 1-tal som nyttast til all anna fakturering.
Det betyr at dersom du betaler både kommunale avgifter og for eksempel barnehageplass må du inngå to avtalar om eFaktura  .
Ver merksam på at du må slette eFaktura-avtalen for kommunale avgifter dersom du sel huset ditt.  Kundenummeret for kommunale avgifter følgjer eigedomen og ikkje eigaren.  

Slik kjem du i gang med EHF-faktura (bedrift):

Din bedrift må registrerast i Elektronisk mottakaradresseregister (ELMA) som er eit norsk register kor mottakarar av dei forskjellige EHF formata er registrert. Du som mottakar av faktura må få ditt aksesspunkt /tilknytningspunkt (som ofte er leverandøren av dykkar rekneskapssystem) til å registrere dine opplysningar i ELMA.
Mottakarar som ligg i ELMA forpliktar seg til å ta i mot fila som sendast så lenge den er sendt i Elektronisk handelsformat (EHF).
Når dykkar bedrift er registrert i ELMA og ønskjer mottak av EHF-faktura kan dykk sende mail til Åmli kommune for å oppgi dykkar organisasjonsnummer som er grunnlaget for kommunen til å sende EHF-faktura.
Mailadresse; ingeborg.johanne.myrvang@amli.kommune.no

For ytterlegare informasjon sjå; www.anskaffelser.no

 

Illustrasjonsbilde eFaktura - Klikk for stort bilete

Sist endra 06.01.2016

Kontaktinformasjon

Vidar Kyrdalen

Økonomisjef
Telefon :37 18 52 12
Mobil :952 72 760
E-post :vidar.kyrdalen@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering