"Grunnreglar for heradshuset Elvarheim"

I gårsdagens kommunestyremøte blei det gamle reglementet for Elvarheim (PDF, 343 kB) etterlyst. Mange har høyrd om diverse klausular for bygget, som at det ikkje skal vere lov å danse eller drikke her. Og her kan du sjølv lese om reglane, som framleis gjeld. Strengt handheva blir dei vel neppe. Dans er det kvar torsdag, og samkome med «berre leik» har det vel også vore. 

Elvarheim sto ferdig i 1925, og var eit spleiselag mellom kommunen, bygdas lag og organisasjonar og private sponsorar, med Åmli Forbruksforeining som den største. Åmli Ungdomslag stilte med tomt. Elvarheim har fungert som samfunnshus og kommunestyrelokale, samt hatt fleire skiftande funksjonar som framhaldsskule, realskule, bibliotek, kino og museum. Åmli kommune eig og driftar huset, og det er framleis tilgjengeleg for alle lag og foreiningar i Åmli. Men kanskje er det på tide å mjuke litt opp i reglementet?

Brua og Elvarheim med juletre - Klikk for stort bilete

 

 

Sist endra 16.12.2016

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal

Rådgjevar/kulturskulerektor
Telefon :37 18 52 64
Mobil :926 29 512
E-post :tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering