Forskrift om bandtvang for hund i Åmli

I desse jakttider vil vi minne om forskrift om bandtvang for hund for Åmli kommune i Aust-Agder: Landbruksdepartementet har den 8 juli 1993 stadfesta nye forskrifter om bandtvang for hund, vedtatt i møte i Åmli kommunestyre den 24 juni 1993 i medhald av 3, 2 ledd i lov av 9 juli 1927 om ansvar for skade på bufe ved hund.

  1. Alle som har eller er eigar av hund i Åmli kommune, skal halde hunden i band eller forevarleg innestengd i den tid bufe beiter i tida f.o.m. 1. april t.o.m. 10. oktober.

    Dette skal likevel ikkje gjelde:

    A. Trening av jakthundar under lovleg trening og i lovfesta treningstid, d.v.s. i perioden f.o.m. 21. august t.o.m. 31. mars.
    Løyve til dette må likevel bli gjeve av grunneigar og eventuelle beiterettshavarar ,jfr.viltlova 52.

    B. Jakt eller ettersøk med laus hund i lovleg jakttid dersom hunden er følgd på forsvarleg måte av eigar eller den som låner eller leiger hunden.

    C. Gjetarhundar som saman med gjetar følgjer buskapen på beite.
    Reglane i viltlova § 52 om bandtvang, forsvarleg inngjerding eller innstenging i perioden f.o.m. 1. april t.o.m. 20. august gjeld uavhengig av denne forskrifta.

     
  2. Brot på denne forskrifta er straffbar.
     
  3. Denne forskrift tar til å gjelde straks. Frå same tid vert forskrift av 6. juni 1970 om bandtvang i Åmli kommune oppheva.

Gordonsetter.jpg - Klikk for stort bilete

Sist endra 01.09.2016
Login for redigering Login for redigering