Fokus på alkohol og psykisk helse

I kommunen vår er vi opptekne av å ta vare på alle. Derfor er kommunen i desse dagar med på eit viktig samarbeid med fokus på alkohol og psykisk helse.

Om å ikkje fylle på med meir når det er litt for mykje


I løpet av livet er det heilt vanleg å gå igjennom tøffe periodar. Det kan vere alt frå å oppleve samlivsbrot til å ikkje vere i jobb, å bli alvorleg sjuk eller å miste nokon ein er glad i. Samtidig kan mindre alvorlege hendingar som periodar med mykje stress, dårleg søvn eller ei kjensle av å ikkje takle kvardagen vere ein trigger og utløyse eit risikofylt drikkemønster. Det er dessverre slik at alkohol kan føre til at ein vanskeleg periode i livet kan bli endå tøffare å komme igjennom.

Å drikke alkohol etter ein slitsam dag, for å kople av, for å føle seg betre eller for å meistre ein sosial situasjon, er vanleg og akseptert. Men for enkelte kan dette vere starten på ein karusell som ikkje stoppar av seg sjølv. Somme opplever det òg som ei utfordring i seg sjølv å gå tilbake til kvardagen og jobb etter ein lang ferie. Dersom ein har lagt om alkoholvanane i ferien, kan det vere vanskeleg å komme tilbake til eit meir nøkternt forbruk når kvardagen begynner igjen. Ein fuktig ferie er for nokre starten på eit problematisk forhold til alkoholen.

Kva gjer du dersom du kjenner nokon som slit? Snakk med personen det gjeld, fortel at du er uroa over drikkinga hans eller hennar. Det er lurt å stille opne spørsmål, til dømes: «Eg har lagt merke til at du har drukke mykje i det siste, kanskje det er noko som plagar deg?». Ikkje rekn med at du får personen «på rett kjøl» med ein gong, men det at du viser at du bryr deg, kan bidra til at han eller ho blir bevisst på sin eigen situasjon og ikkje bruker alkohol som «hjelpemiddel» i den krevjande perioden.

Både den som slit med alkoholproblem, og pårørande kan få hjelp fleire stader. Snakk med fastlegen, ring RUStelefonen eller ta ein prat med helsesøster. RUStelefonen har nummer 08588 og er open frå måndag til søndag mellom 11.00 og 19.00. Alle som tek kontakt med tenesta, er anonyme.

Åmli er ein AV-OG-TIL-kommune og samarbeider med AV-OG-TIL om haldningsskapande arbeid og bevisstheit omkring skadeleg alkoholbruk. No er det kampanjeveke for alle AV-OG-TIL-kommunane i landet om alkovett. Å ha alkovett vil seie å ha eit reflektert forhold til si eiga drikking, og at ein tenkjer over kva som er bra for ein sjølv og dei rundt seg. Ønskjer du meir informasjon om alkovett, ta kontakt med Anne Grete Askland som er lokal AV-OG-TIL-koordinator. Du kan òg lese meir om temaet på www.avogtil.no
 

Alkovett - Klikk for stort bilete

Sist endra 25.08.2015

Kontaktinformasjon

Anne Grete Askland

Rådgjevar
Telefon :37 18 52 31
Mobil :992 11 753
E-post :anne.grete.askland@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering