Ekstraordinær bandtvang innført i Åmli

Frå og med 12.02.2018 er det innført ekstraordinær bandtvang i Åmli kommune. Kunngjering her på kommunens heimeside og i Norsk Lovtidend. Forskrifta finn du her:

 

FORSKRIFT OM EKSTRAORDINÆR BANDTVANG I ÅMLI KOMMUNE

Med heimel i § 6 pkt. f i lov av 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald, har Åmli kommune i Aust-Agder den 12.02.2018 fastsett følgjande forskrift:
 

1.

Av omsyn til viltet vert det innført ekstraordinær bandtvang for heile Åmli kommune.
Dette inneber at hundar skal haldast i band eller forsvarleg innestengde eller inngjerde.

 

2.

Denne forskrifta trer i kraft straks og gjeld til og med 31.03.2018.
Den kan bli oppheva før utgangen av mars 2018 av ny forskrift dersom tilhøva tilseier det.

 

3.

Forskrifta kan påklagast til fylkesmannen.

 

Hund med bånd - Klikk for stort bilete

Sist endra 15.02.2018
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Olav Vehus

Skogbruksrådgjevar
Telefon :37 18 52 15
Mobil :991 08 482
E-post :olav.vehus@amli.kommune.no
Olav Vehus
Login for redigering Login for redigering