Eigedomsskatt 2017 - skattelister publisert

For 2017 skal det skrivast ut eigedomsskatt i heile kommunen. Den alminnelege eigedomsskattesatsen for 2017 er 7 promille. For bustader/fritidsbustader med tomt til desse, samt ubebygde tomter til dette formål er eigedomsskattesatsen 4 promille.

Eigedomsskattelistene vert lagt ut til offentleg ettersyn i rådhuset i perioden 28. februar til 21. mars 2017.

Skattelistene kan og lesast her:

Skattyter har rett til å klage på den utskrivne eigedomsskatten, jfr. eigedomsskattelova § 19.

Klagefristen er sett til  18. april 2017.

Skatten for 2017 skal innbetalast i tre terminar. 1. termin i mars, 2. termin i juli og 3. termin i november 2017 og vert fakturert saman med kommunale avgifter.

Spørsmål om utlagte skattelister og tilsendt skatteseddel kan rettast til; Åmli kommune, eigedomsskattekontoret, E-post; eskatt@amli.kommune.no

Skriftleg klage sendast til; Åmli kommune, Eskatt 2017, Gata 5, 4865 Åmli
 

Skytehusrabben - Klikk for stort bilete

Sist endra 28.02.2017
Login for redigering Login for redigering