Bygdebok - Åmli Ætt og Heim

I bygdebokverket Åmli Ætt og heim er det til nå gitt ut fem bind. To bind pluss register står att før verket er fullført. Forfattar av bind I og II var Torgils Hodne. Frå bind III har Egil Fiane vore forfattar (Helge Aabakk er medforfattar av bind III og to gardsnummer i bind VI). 

Alle tidlegare og nåverande hus/heimar med bebuarar er omtala i bøkene så langt kjeldene rekk. Bygdeboknemnd og forfattar har som målsetting at «alle skal med», frå dei eldste tidene til i dag, utan omsyn til sosial status.

  • Bind I Tovdal 1977
     
  • Bind II Gjøvdal 1981
     
  • Bind III Vimsbygd 2009 - inneheld gardsnummer 45 -59: Gjerustad, Kleivane, Hovde, Svinåsen, Østre Mosberg, Grimeland, Østre Vimme, Furland, Imeland, Kiland, Hovet, Flaten, Vestre Vimme, Øynes, Brattøya.
     
  • Bind IV Øvrebygda 2011 – inneheld gardsnummer 29-37: Øy, Lia, Neset, Fiskvatn, Katterås, Krossbekk, Seljås, Gjøvland, Epletveit.
     
  • Bind V Vestbygda 2014 – inneheld gardsnummer 64-74: Tviland, Eppeland, Bås med Selberg, Innjorda, Rostveit, Landsås, Vehus, Solberg, Berås, Flateland, Sparhaugtveit.
     
  • Bind VI kjem i 2018 og inneheld gnr. 43 Tveit, gnr. 44 Simonstad, gnr. 60 Vestre Mosberg, gnr. 61 Sigridnes, gnr. 62 Gjermundnes, gnr. 63 Tverrstøyl, og Flåstøyl.
     
  • Bind VII avsluttar serien med gnr. 38 Åmli prestegard, gnr. 39 Børtinghus, gnr. 40 Negarden, gnr. 41 Risland, gnr. 42 Engenes. Utgjevingstidspunkt er ikkje fastsett.

Bind I er utseld, dei andre binda er til sals i Åmli kommune, Åmli bibliotek, Åmli Klær, Froland bibliotek, Knut A. Høyer bokhandel, Arendal, Tvedestrand Bok & Papir og ExLibris Antikvariat, Tvedestrand.

 

PRISAR ÅMLI BYGDEBOK pr. 01. 01.2018



Enkeltbind:Bygdebok bind V - Klikk for stort bilete

BIND II GJØVDAL                   300,-

BIND III VIMSBYGD                600,-

BIND IV ØVREBYGDA            600,-

BIND V VESTBYGDA              700,-
 

Bokpakker:

1:   ALLE FIRE BINDA                   1400,-

2:   BIND III + IV + V                      1200,-

3:   GJØVDAL + III el. IV + V         1100,-

4:   GJØVDAL + III + IV                 1000,-

5:   BIND III + V                               900,-

6:   BIND IV + V                               900,-

7:   BIND III + IV                              800,-

8:   GJØVDAL + III                          700,-

9:   GJØVDAL + IV                          700,-

10: GJØVDAL + V                           800,-

Sist endra 08.01.2018
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Egil Fiane

Bygdebokforfatter
Telefon :37 18 52 46
Mobil :950 84 398
E-post :egil.fiane@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering