Bokbygda Åmli

5. Juni kl. 14:00-16:00 er det opning av årets sommerutstilling på Elvarheim museum. Her blir det vist mangfaldet av forfattarar og bøker i Åmli gjennom tidene.

Du vil mellom anna få sjå Åmlis første bibliotek, møte trolla i Trogfjell, bli kjend med utvalde tekstar og forfattarar og bla i bøker om alt frå jaktslott til idrettslag.

Det blir også ei salsutstilling av Scott Aanby sine tresnitt frå boka "Alltid aleine", samt sal av bøker frå Åmli boknemnd, alle utgåver av Jol i Åmli og bygdebøkene for Åmli.

Opninga vil gå føre seg i festsalen i 2. etasje, med følgjande program:

  • Velkomst ved Jens Magne Føreland
  • Opning ved Ordfører Reidar Saga
  • Berit Henriksen: Favorittdikt frå Åmli
  • Tonje Ramse Trædal:
    Kvifor er Åmli ei bokbygd?
  • Premiere på bildespelet om "Trolla i Trogfjell" ved Kjetil Dukane og Mariana Christ
  • Scott Aanby: Heimstaddikting og Engvald Bakkan
  • Kåre Rudjord: "Hjuring frå Tovdal. Boka om Torstein Håkedal".
  • Musikalsk innslag: Rune Nylund

Det blir servering av kaffi og kaker, og ope i utstillinga etter programmet.

Gratis inngang.
Velkommen!

Bokbygda Åmli.JPG - Klikk for stort bilete

Sist endra 02.06.2016
Login for redigering Login for redigering