Severdighet
Flatlandsmoen

Nord for Jørundland i Gjøvdal (25 km frå Åmli sentrum) ligg restane etter eit gardsanlegg frå folkevandringstida (400-600 e. Kr.). Garden har lege urørt sidan han blei fråflytta ein gong i mellomalderen.

Grånheia i vinterdrakt

Grånheia er eit småbruk med eit innhus frå 1800-talet, eit uthus, brønnhus og nytt eldhus med bakaromn. I tillegg er det noko innmark og ein gammal hage med blant anna frukt, bær og kjøkkenhage.

Grånheia var eigd av Emmy Hookham (1920-2004), og blei etter hennar eige ønskje overtatt av stiftinga Åmli bygdetun i 2000.

Det er mogleg å leige lokala på Grånheia til ulike arrangement. Ein kan til dømes ha bakedagar i eldhuset og barneselskap på låven. Innhuset kan også nyttast til private arrangement.

Hillestad Galleri - oversiktsbilde

Hillestad Galleri er eit reisemål for heile familien. Det ligg vakkert til mellom fjella i Tovdal i Åmli kommune.

Koppsåna kulturminne

Vest for garden Baas 5 km frå Dølemo ligg Koppsåna, som er ein del av eit sidevassdrag til Tovdalselva. Tett attmed vegen vil du sjå eit damanlegg med skådammar for fløyting, vassrenner for kvern og sag, sag med materialbu, samt eit kvernhus.

Sandå Glas og galleri - blå.JPG

Eit idyllisk og fredeleg  tun omkransa av furuskog. I den raude bygningen går ovnane varme og glasplater vert omskapte til fargerike skåler, fat, lysestakar, oppheng, hjarte, englar, fuglar, dyr og Telemarksstavar.

Sentrumsløypa

Åmli kommune er ein vandrekommune med både lange og korte turar. Denne sentrumsløypa går gjennom og rundt Åmli sentrum, lett tilgjengeleg for store og små. Det meste av løypa er også for rullestolbrukarar.

Svårthylkyrkja

Vil du vere med på ei oppleving utanom det vanlege? Og nyte eit godt måltid mat laga til på bål? Det har du moglegheit til om du vert med vertskapet på Vindilhytta ein tur til Svårhylkyrkja, Øvst i Gjøvdal. 

Utsikt fra Trogfjell

Trogfjellstigen er ein kultursti som startar ved Elvarheim museum og følgjer turløypa oppover til Timmeråsen mot Trogfjell. Gjennom 13 postar langs stien får du kjennskap til Åmli sin kultur, natur og historie. Tekstane er på norsk, men på Elvarheim museum får du brosjyrer med omsetting til tysk og engelsk.

Waldemars Børs - Piano Interiør

Waldemars Børs er en landlig, koselig bistro og kaffebar, med hjemmebakst og skikkelig barista-kaffe, 50 meter fra Esso-stasjonen i sentrum. Uteservering i lun atmosfære. Takeaway og lukkede selskaper.

Kontakt oss

INFORMASJONSTENESTA
Tlf: 37 18 52 00
Opningstid:08:30 - 15:00
post@amli.kommune.no
Adresse for besøk
Rådhuset
Postadresse
Gata 5, 4865 Åmli
Login for redigering Login for redigering